Evig din!
PC’en min – eg ser på deg
du blinkar blått.
PC’en min – eg treng deg,
me har det godt.
PC’en min – eg brukar deg,
som ei gudinne.
PC’en min – eg ber til deg,
du har stort minne.
PC’en min – eg klemmer deg,
du gjer meg sterk.
PC’en min – eg kysser deg,
eit underverk.
PC’en min – eg søv med deg,
du er alt eg har.
PC’en min – eg elskar deg,
du vert mor, eg vert far.
For til neste vinter,
då får me printer.
I dette diktet blir PC-en samanlikna med eit menneske og ei kjæraste. Det er ein mann som snakkar og printaren som dei skal få til vinter skal samanlikna eit barn som dei får. Forholdet personen som snakkar og PC-en er veldig sterkt. Han kan ikkje klare seg utan den, og treng den heile tida. Han må bruka den og kysse og klemme den. Så diktet seier at forholdet hans er utroleg sterkt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar